Ein solstråle fyller opp denne halvliteren eg held.
Halvliteren min spreier han vidare.
Eg veit at det er er ein gammaldags jukeboks i puben.
Eg har ana han lenge, eg ser han no.
Han spelar ut songane sine tilfeldig.
Dei blir sende ut i rommet på ein slump.
Ingenting er tilfeldig.
Eg håpar den neste blir fin.
Ein var ein som byrjar heilt spinkelt, og bygger seg opp.
Mot slutten kan ein bu ei tid i den mjuke feidinga.
Bygga seg lauvhytte der. Vera der i milde kveldar.
Frå "Dyffel", 2005 |