SOGE DER FRÅ TRAKTENE
Då ho etter andre kjærleiksnatta
kom til å søla litt gloheitt tevatn
på foten hans, sette han i å vrinska
og vri seg i smerte, lik ein hest
og ein orm. Brørne hennar som
skjønte stoda kom straks og slo
han (sjølvsagt) halvt i hel. Og la
kroppen hans på løa. Morgonen
etter då dei kom for å ekspedera
han vidare, var han ikkje der.
Men dei kunne følgja den
slimete
stigen
etter han
ned
til
vatnet.
Frå "Ormen i Vaulavika," 1993
|