KVAR GONG EG RYDDAR EI LISE
Kvar gong eg ryddar ei lise
i det Jesus lærte,
skimtar ei hamn og ei
heimeside. – Ikkje
uroa dykk, som han sa,
i den sikrare passasjen
midtveges, peikte på liljene
under himmelen, fuglane.
Kvar gong eg dveler
ein tanke i dei
svale hyblane til far hans.
frå «Kvar gong», 2003