F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida


November 2012

HOMSE

På ei av sine mest bakkete, svingete ferder kjem Vaskehjelpa til
Homse ved Homsevatnet. Homse, denne sirlige, stolte pletten
ved Musahola.
   Det første ein legg merke til når er rundar siste Homsesvingen,
er det gilde monumentet som står der. Eit monument over homsane
som gjekk bort utan å få oppleva det store opprykket, den store
oppreisinga, som ikkje fekk sjå og føla det gode, nye homsegryet
stiga opp over Sørvestlandet.
    Det, og den friske brisen som alltid blæs gjennom her.
   Monumentet skal førestilla stjernehopen Sjustjerna. Men
nedsnødd som det no er, kan det til forveksling likna dei fleste
stjernehopane i Mjølkevegen.

   Der Homseelva flyt stillast, like før den renn ut i Homsevatnet,
finst eit sirlig, lite tempel, ein pagode nærast. Dit brukar gode homsar
og kompisar å komma frå fjern og frå nær –
   frå Homberg og Homburg,
   frå plaga Hombo og skaka Homs,
   frå skøyre Homseke og Homosassa Springs,
   frå Homokmégys duvande byggåkrar og frå det heilage, fjerne
Homnabad – for å synga og takka og lova.
   – Takk og takk, brukar dei å seia. – Takk for at det finst så mange
ulike folk, kjønn og legningar. Takk for at me ikkje er bare sånn eller
sånn. Basta bom. Så set dei seg ned, deler appelsinbåtar, spretter ein
knasande kvikk lunsj, og er milde og stille i lag.
   Dei syng gilde homsesongar. Songar som er minst like vakre som
alle desse vanlige andre. Ja, somme av dei er plent på høgd og nivå
med dei som plutselig blei skrivne ned av svarte slavar mellom bomulls-
og popkornrekker i statane sørpå.
    Det å setja ord og lyd på denne samkjensla, denne samklangen, er
viktig for mange. Så dei har laga eit ord, og dei har laga ein lyd som skal
uttrykka dette. Og kjensla og ordet og lyden går sånn: - Hoo’oommm-
mmm – mmm.
   Og den syng, denne lyden, over gamle Rosslandsvatnet, og den
rungar over Harafjell.

Ho kjenner godt homsane, Vaskehjelpa. Ho har sjølv stått opp og fram
og slått eit slag for homsesaka, når det har bydd seg eit høve.
   Men no er her for kaldt til å takka og synga og lova særlig lenge.
Vaskehjelpa   set seg inn litt. Ho sit litt til. Ho slår ein god, gammaldags
floke. Ho tenner tre gode homselys. Og varmar seg litt på dei gode
homseflammane.

Frå ”Reint sportslig – ei julehistorie”, 2012.