F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida


mars 2007
EG MINNEST ARNOLD

(etter John Lennon)

 

Eg minnest Palle Harang

som det var den dag i går,

Palle, Palle Harang,

son av doktor Skaar.

 

Med måte i naturfag,

snerpen, full av lått,

sykla tur kvar sundag,

ein vag og ullen dott.

 

Ja, minnest Polly Homlung,

som det var den dag i fjor,

Polly, Polly Homlung,

son av gamle Bohr.

 

Stod alltid på perrongen,

stroken, full av liv,

venta på gongongen,

no ligg han stroken, stiv.

(Blei vel køyrd over av eit tog eller noko.)

 

Slik går det bro bro brille,

til tida kastar loss,

Lille Bro Persille,

son av Reidar Foss.

 


John Lennon: ”I remember Arnold”

Frå Brua før Widecombe, Det Norske Samlaget, 1997