mai 2006:
LAUGHARNE
Sæl
den
bygd
som blir
gjennom tindra
av morgon
sol
oppetter
innetter
krikane, romma
klesvaskane.
Gjennom trekt
av ettermiddags-
vind. Rørande
låg
lågare
fjøre.
Gripande
ei dekkande
glitrande
angande
flod. Av mjølk og av
ved. Av røyk, slo
og humle. Gjennom
trekt, gjennom
tindra. Gjennom
drøymd, gjennom
vaka.
Frå ”Kvar gong”, 2003