Desember 2016:
BETLEHEM ENDRAR SEG
1
Betlehem
endrar seg frå
jul til jul. Kjem an på
rekkefølgja eg
hentar dei opp or
eska i, husa og
stallane, kamelane
dromedaren, dei
lytefrie lamma, det
fallesjuke, halte.
2
Eg trur ikkje riktig
på geografi, eg lar
hus og smau
gruppera seg
slik de grupperer
seg i draum.
3
Betlehem. Når
t-lyset bak stallen
brenn ned, vitjar eg
ølstover eg
skimtar
skimra
i smaua bak
smaua
bak: «Morgonrodens
hind» og «Dua
i terebintene
langt borte».
Frå «Geografi», Wigestrand Forlag, 2016