juli 2010
VERDA ER IKKJE STØRRE
Verda er ikkje større: Syd Barrett, Peter Green,
Peter Quaife – gammal Kink, og Moodie
Michael Pinder treffest i en pub, ganske
så tilfeldig. (Nick Mason, superstjerna,
går nett forbi ruta, på veg for å henta
noko grønmaling hos ei syster av seg.) Etter nokre
svarte, svartare halvlitrar skin ei strimesol, ei strime støv, over bordet.
Veit ikkje kven av dei det er som slenger fram tanken
først: Byrja ta nokre lauslige, lause
giggar saman. Spela Buddy Holly, Lonnie
Donegan – og ”Starstruck” med The Kinks (er ingen
”Albatross” i lufta). Leikar med forslag om ein
trommeslagar. Paul McCartney, nemner nokon – i
fullt sige alvor. Kan henda få Roy Wood
til å synga, viss han enno
lever då, flirest det.
Henta frå ”Brua før Widecombe”, 1997
Minnast Peter Quaife (1943 – 2010)!
Frå "Kvar gong", Wigestrand Forlag, 2003