SOMMARFUGLAR, 2019
At sommarfuglane
tar seg
over
opne
havet. At dei flyg på
varme vindar ifrå
Afrika, Midt-
austen, og først
når Skandinavia, Norge,
i 3. generasjon,
kjøper eg, radt,
kjøper òg
at dei instinktivt
veit om denne
nye, brått
utvida,
sommaren her
på berga. Men dette
at dei straks finn
sine solstriper, solgliper, finn seg
til rettes på Nedre
Tasta, Byhaugen, mitt
buksekne, i bølgjedal-
søkka langs
Hafrsfjorden,
ser eg som eit siste litens
mirakel. Får meg til å
gjendikta Rift-
dalen, nyopna
Eden, Kviledagen.
(Under arbeid, 2020) |