F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida


April 2019:

KVELDSVISE

 

Lys frå ei ferje og lys frå eit fly,
kroppen er trygg, den skal sova.
Lys i ei rand som er lys frå ein by.
Natta er varm kjend frå stova.

Senga er skute, draumen er los,
ferda går stadig litt lenger.
Pollerten står om eg siglar min kos
mot framande trakter og senger.

Dimmare strender der sikta er skral.
Dei ligg der, i natt får dei venta.
Slik saka no står, har eg knapt noko val:
Skal leita, skal finna og henta.

Me fylgdest ein haustkveld og kviskra god natt.  
Det regna, du strauk meg på kinnet.
Eg trur eg skal finna dit, finna deg att,
slik lysa skin ute  og inne.

Eit menneske er noko framandt og rart.
Me treng ikkje kjenna oss gråe.
Eg trur eg skal finna deg, finna meg snart.
Så finn me oss vidare båe. 


Henta frå «Draumar og dynejakker», 1989.

Finst på den nye CD-en «Notisbok»  med Ryfylke, 2018 (melodi: Bjørn Aslaksen).

Og på CD-en «God morgon, høst» med Aftenlandet, 2000 (melodi: Sven Erik
Vaksdal og Kenneth Sivertsen).