SINUS-VÅR
Kjenna på romma
mellom
plommetre
og japansk lønn,
kjenna på rørslene
gjennom
blodbøk og
apanes skrekk. Ana
silke-
brisen,
fryden,
apane.
Frå diktboka ”Sinus”, Wigestrand Forlag, hausten 2011