mars 2008
DANSANDE UT ALLE ÅR
Dansande ut alle år,
siste stive stykka av lykka,
sansar me kvar grensa går,
skimtar, glimtar glytten av slutten.
Dansande ut alle år,
siste skrika, dei fagraste rika,
stansar me der grensa går,
stryk me mjuke saumen av draumen.
Dansar dit natta,
fjesa i himlane,
varlig legg lok på
jag og vind,
stansar der natta,
fjesa i himlane,
ringar, ja, og hentar oss inn.
Dansande inn alle år,
siste skeive trinnet av minne,
stansar me der grensa går,
set oss til i veggar av tid.
Frå Annbjørg Liens CD: Waltz with me, 2008
Melodi: Annbjørg Lien
Tekst: Arnt Birkedal