|
August 2015
EG ER PÅ KVITE VIDDA
Eg er på kvite vidda
då eg får veta at
manuset er tatt
og kjøpt inn. Då eg kan
byrja å kle meg
i ny bok. Reisa ei
ny provisorisk
pelsjegerkoie.
Det er tak – tak på
tak på tak på tak; heile
skeive koiebyar
innetter – på kor
mye boktrøyst,
boktryggleik,
vederlag,
oppreising
ein kan få.
Upublisert, 2015
|