Juli 2017:
SEIN SINUS-SOMMARKVELD
Lyktestolpeskin
på næraste linda,
på næraste porten. Gjestene
var av den siste, seriøse og
tydelige, sorten. Det
tillét meg
å vera høgt og
lågt. Ringa inn
lauvverk, ord og
himmelkroner,
å venga rundt
knollar og nes,
bokstavhalsar,
sinus-spir og toppar.
Sigla og saumfara
luftlommer og drag.
Og mjukt runda
Sømsholmane
på musikken.
Trylla fram
flaggermus, bibelsoge.
Kjenna på sukka
frå dalane der frelsaren
blir fødd, pusta ut over
heidningheia bortanfor.
Tillét meg å
fylla ut, fylla inn.
Utgjera den vesle
takknemlige skilnaden.
Frå «Sinus», 2011