september 2007:
Dei som daffar forbi
1
Dei som daffar, tøffar forbi
er enten
koselige, gamle
kjeltringar
eller sønesønene deira,
dei lyfter hender
ein einaste gong
til seige vink,
tause steile hundar sitt
fremst i båtane.
2
Båtane, båtane,
himmelflåtane.
Me er solveggane
dei må forbi,
me er solhjørnet
dei lyt runda,
me er dei lettkledde
vinkeenglane
langs leia.
Frå Hytteboka. Det norske Samlaget. Utgitt 15.09.07