SKUMLESNE LINJER
(Morgon-shanty)
Skumlesne linjer
eg snappa ein gong
kler denne scena
med høvelig song.
Ho som i draumen
var rose og russ,
står midt i røynda
og praiar ein buss,
når eg styrer inn i
ei morgonbleik hamn
gjennom ei skodd
av lausrivne namn.
Halvkvedne viser
eg hekta meg på
lyfter mi panne;
det skal bli ei råd!
Eg svikta ei jente,
ho ber namnet Aud,
rekk eg gå botsgang?
– Med neppe og naud.
Eg styrer no inn i
ei morgonbleik hamn
gjennom ei skodd
av lausrivne namn.
Skumlesne linjer
vil nynna meg inn
mot ei stø stø, som
eg aldri heilt finn,
ho stokkar og snor seg,
den leia eg tar,
-- ein gut på ein pullert
spør mor si om far,
når eg styrer inn i
ei morgonbleik hamn
gjennom ei skodd
av lausrivne namn.
Halvkvedne viser,
sausa i hop,
blæs gjennom smaua,
dei rastar, slår rot.
Min gamle jungmann,
han Fløttjævel Moe,
sit alt i hjørnet
på Ingebjerrs Kro,
når eg styrer inn i
ei morgonbleik hamn
gjennom ei skodd
av lausrivne namn.
Frå «Ellinga, meldinga, Sandnes-guten», Wigestrand, 2019. |