F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida


Desember 2013

JULAS ÅND

 

Julas ånd

er ei jublande,

trillrund kjensle, det

syng og det kitlar

i fuglebrystet

under matrosjakka

når du langar ut,

vaggar ned snøgata

forbi dei djupe,

proppfulle postkassane,

drar ein kjelke

nedlesst med gåver

etter deg. Kjensla

 

held seg

til du kjem heim

til eiga trapp

med mest det same:

 

Ein kjelke full av gåver.

Eit blidt, høgt nebb.

 

 

Henta frå «Dikt i utval», Wigestrand Forlag, 2013