|
Juni 2015
ALLE BUSSTOPPAR
Alle busstoppar har
eiga sjel, eigen
grunntone, eige
stemmeleie.
Prega av
gleder,
letter,
vonbrot,
små og store, som
bussjentestemma,
busstemmejenta,
har opplevd, har
overlevd,
langs denne ruta.
Ein stopp er prega av
eit djupt, djupt alvor,
ein annan
blir lyfta
på glimer av håp.
Somme stoppar er blanke.
Somme er spretne,
ho kan vagt hugsa dei
frå barndommen,
barnsbein av
stemmejenta.
Somme gir henne
nytt vatn,
skj-lyd,
på mølla,
i munnviken,
andre har ho
bare nasepust
til overs for.
Upublisert, 2015
|