F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida


juli 2009
DEI BLÅE FJELLA

Der er dei blåe fjella
der kjærastane bur,
der regnbogen har feste
i vente på ei skur,
der ferjer sjeldan legg til,
dei styrer helst beint fram,
mens bygdelag på heimveg
ser ned i syndig skam.

Den mjuke, blåe åsen
der kjærastane går,
dei handlar te og lettmjølk
og smil og roquefort.
Og kveldane er milde,
og månen brenn og brenn,
og seks-sju-åtte gjester
blir bedd til te igjen.

Den dimme, blåe randa
der kjærastane er.
Dei lyttar til Lokalen
og saftar hyllebær.
Der held dei hund og Allers
og kranselag på borg.
Og draumar driv i land der;
ei skodd av nattlig sorg.

Og rek ein rundt i småbåt
ei vasskald julinatt,
så kan ein skimta lysa
og ana lyse skratt.
D’er naudbluss kvar desember
og brurelys kvar mai,
der mutte, bleike ferjer
svært sjeldan legg til kai.

 

Frå Eg kan godt lika deg. 1991