Ja, legg du vegen om Knaresborough by, leit opp ei kvinne, hels ifrå meg, i gilde kjolar, ven, stolt og kry, går ho støtt brua ved Knaresborough by.
Elva renn gjennom dagar og år, der vår blir haust, og aftan gry. Og folk dei kjem, og folk går bort over brua ved Knaresborough by.
Og finn du ei i mengda der, del med henne utan å kny den vonde spådommen som står og fell med brua ved Knaresborough by.
For ord blir sanning; brua ho fall to fulle gonger. Fell ho på ny, kan inga verd, skal inga tid halda fast henne eller Knaresborough by.
Chris Simpson: The Bridge at Knaresborough Town
Kommentar: Chris Simpson, frå Yorkshire, er verkelig ein av slitarane I folkrock-bransjen. Sidan sist på 60-talet har han vore frontfigur i bandet Magna Carta. Dei turnerer framleis meir enn dei aller, aller fleste. Og har trufaste fans i land som Nederland, Norge og Dei arabiske emirata. ”Knaresborough Town” er opningssongen på albumet Songs from Wasties Orchard frå 1971. Den spelar på dette med Mother Shipton (1488 – 1561), Yorkshires svar på Nostradamus. Ho såg bilar, fly og krigar, og skildra det i vers. Ho såg òg verdas undergang: ”When the high bridge is thrice fallen.” Brua har ramla to gonger allereie. Frå Hynsahus, 45 songar, 2004
|