Mai 2019:
2. MAI-SANG
du kan vera med i toget
du kan vera ein så ser på
du kan slå deg laus i Rio
dansa rundt med løgne kler på
du kan liga sitta hjemma
du kan liga fest og sprell
du e aleina ligavel
du kan synga glade sangar
av Alf Prøysen eller Bellmann
kan ver du så skjenk’ i spriten
kan ver du så tar og svelg’ an
du kan ha ein bråde venner
eller bare ha an Kjell
du e aleina ligavel
du kan vera ektemage
kan ha fira kjekke guttar
du kan vera stressa husbond
du kan vera gode lyttar
du kan ha kontor på toppen
eller vera trellars trell
du e aleina ligavel
du kan tro på gamle Moses
du kan tro på formann Mao
du kan eda brød med sirup
eller fiksa bakalao
du kan spela i orkester
eller flipperspel med hell
du e aleina ligavel
du kan ha ein kjekke kjerest
du kan holda na i håndå
du kan gje na sjel og hjerta
før du gjer opp heila åndå
du kan gje na dikt med tankar
du balte med ein kveld
du e aleina ligavel
du kan vera sjølve paven
du kan sykla med aviså
driva volleyball og symming
eller synga denne viså
når du symme sista taget
så gjørrs der kje forskjell
du e aleina ligavel
Henta frå «adle de trøtte hestane», Samlaget, 1985.
Finst òg på CD’en «Hjemma igjen» med Ryfylke Visegruppe frå 2011,
med melodi av Bjørn Aslaksen.
Høyr den på YouTube