F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida


Februar 2019:

HAVS-FJORD? HAFRS-FJORD?
(Eg spør to som burde veta)

-- Haugdronning av Gausel,
unnskyld at eg spør,
du som pløgde sjøen,
du som var her før

Harald vann det slaget
i min barndoms fjord,
Haff-fjord, sa støtt far min,
Haffers-fjord, sa mor.

Sjølv sa eg det same
då eg flytta vekk,
då eg kom tilbake
og merka til min skrekk

at alle no sa Havs-fjord,
dronning lagt i grav,
alle ekte fjordar
ligg då ved eit hav?

Det verste er, eg kimsar
på meg grov prolaps;
i naust langs sjølve fjorden
seier båtfolk Havs-!

Du som kjente leia,
du som kom deg rundt
Randaberg, Tananger,
pynt for gilde pynt,

kva sa folk på Madla,
då du ankra der,
og sa: -- Eg kjem frå Gausel,
kva heiter fjorden her?

– Haffers-fjord, ho nikkar,
sa Madla-folka då,
Haff-, som far din brukte,
er stuttform, men OK.

Dei peika, sa: -- Den holmen
liknar på ei geit,
-- Geit og geit, fru Lyngblom,
men Haffers-fjord, ålreit.

Ein kan kje veta sikkert,
ho sukkar fram eit sukk,
-- Kva Madla, Sola tyder,
men hafr tyder bukk;

ein geitebukk, ei hanngeit,
eit kje av mannekjønn,
ho set seg godt tilbake
og stønnar fram eit stønn.

Eg spør: -- Kva språk er dette,
kaudervelsk og svorsk?
– D’er vikingspråk, d’er norrønt,
d’er rett og slett godt norsk.

Moteord grip om seg
grådig jafs for jafs;
liksom, på ein måte,
dritbra, skambra, Havs-,

seier dronninga av Gausel,
no er eg på rett spor,
eg vågar snart å brøla:
-- Det heiter Hafrs-fjord!

No er eg nesten sikker;
eg har kje sove, drøymd
at folk sa Haff- og Haffers-,
eg har kje rolsa, gløymd.

Eg trur kje eg har snåva
ned minnas skeive stig,
men stoppar ved ein viking
eg slumpar gå forbi:

-- Haklang, son av Kjøtve,
du som slost og slost,
for å berga Madla,
for å verja oss,

alle er imot meg,
grannar, NRK;
gi meg mot og vilje
til å kjempa og stå på!

– Eg tryna på den «bukken»,
då far min sprang og sprang
austetter mot Grannes,
togg eg blæretang,

gurglar Tore Haklang,
med fletta i ein tjafs:
-- D’er heilt steinsens sikkert
det ikkje heiter Havs-!


Grava til «Gauseldronninga» frå cirka 850 e. Kr., er det nest største
norske gravfunnet frå vikingtida.

Tore Haklang var berserk og son av kong Kjøtve den rike.
Han døydde i slaget i Hafrsfjord, cirka 880, der han
slost mot Harald Hårfagre og dei.

 

(ikkje tidligare publisert)