Januar 2018:
LAMEK
(1. Mosebok, 4, 18)
Han heitte Lamek, han var alt oppe,
han stoppa sokkar, han flikka skor,
han leigde hybel i 4. gate,
var jentegalen og stod i kor,
han duppa brødet i lunkent sodd
i byen Henok i landet Nod.
Snart letta skodda, då vakna sola,
fann fram til gluggen og kraup heilt inn,
dei fine jentene gjekk til torget,
og muren rundt var ei leikegrind,
og dauden hadde sånn passe brodd
i byen Henok i landet Nod.
Han stod opp tidlig, han vaska fjeset,
han levde enkelt; ei seng, eit bord,
han skulle flikka seg gjennom dagen
med jentedraumen som rettesnor,
og byen bada i morgonskodd,
ja, byen Henok i landet Nod.
2017, enno ikkje publisert