PÅ JULAFTAN, ETTER GÅVENE
På julaftan, etter gåvene
kjenner eg eg lengtar etter
å vandra vennelaus rundt
i dei råkalde, snølause
Ryfylkeheiene.
Ikkje heile
natta, bare til eg kjenner
blodsmaken i munnen,
ser lysa frå
Byrkjedal.
Henta frå "Eg kan godt lika deg", 1991.
Og "Dikt i utval", 2013. |