August 2016:
VILL I TAUNTON
Eg står midt i ein utkant av
Taunton, ein soveby. Og er kje
det spor kjend. Har ein Beatles-
song på hjartet: «Eg tenker
elska henne til kvar ku
kjem heim!» (Eg er kommen hit
over moane.) Tenker: Møter eg
ein kjærast her – for første
gongen, i dette daude, flate
stroket – gulna hagar, ein
matt porselenskatt i eit
vindauge. Møter eg ein
kjærast her, veit me ikkje kvar
me skal gjera av oss.
Henta frå «Brua før Widecombe», 1997.