HO LES BARE KRIM
Ho les bare krim. Ho er heilt vekke. I den vesle, engelske innlands-
byen står ho nett og ventar på bussen.
Graset er engelsk grønt. Engelsk mur, hushjørne. Koks på høg-
borne vinddrag.
Ho tenker: Det må bety at Philip hadde fått gifta i seg allereie
innan Caroline kom inn i stova for å skjenka han den iskalde ølen!
Det byrjar så smått å yra. Då denne grå minien kjem skrensande.
(Me forlet henne der - det er rimelig trygt - og tar oss noko
mjølk og nokre kaker.)
Henta frå "Øya bortanfor den til King Kong", 1995. |