april 2006:
Vera over
Vera over. Vera vinden frå Elefantryggfjella. Finna fram til dalen og til vika
hennar. Blåsa lauv til trappa hennar kvar haust. Kviskra henne lune løyn-
dommar når ho kjem seint heim om kveldane frå møte. Ho går frå garasjen,
fiklar i kåpelomma etter nøkleknippet, tenker: Det er noko i vinden i kveld.
Er det snø i lufta, tru?
Vera i lufta. Vera snøen som fell og fell på dei vidopne viddene der oppe.
Vera all snø som fell. Fell på hagane hennar, der snøen ligg lengst, ligg lenge.
Fell på skoletrapper, der elevane ventar tentamensresultat. Samla meg, til eg
rekk høgt på skoleveggane der flyssete lister med topp- og botnkarakterar
heng og sleng, med teiknestiftar rundt. Vera den første lilla krokusen utom
eksamensglaset.
Frå Dyffel, 2005