August 2019:
ME SER TOSAME BILLYKTER FLAKKA
Me ser tosame billykter
flakka
mellom trea
over vatnet. Der,
i grenselanda,
køyrer dei på,
nissepostboda,
pels- og sjøormjegerane,
privatdetektivane,
Langbein og Mikke,
samvitsfangane,
testamentvitna, dei
hjartanskjære,
på veg til og frå.
Over det stille vatnet,
mellom dei tause trea. Der
i grenseranda,
ser me no tosame
billykter flakka, dei streifar
totempålar, kvernknurrar,
ein einslig bjøllesau,
ei struntande svensk hulder,
prikkane, strekane,
knappenålshovuda
på kartet,
i mørkret no.
Frå «Hytteboka», 2007
og
«Dikt i utval», 2013