NINA, KOSS ER DET
Nina, koss er det for tida
bak himlane der du no bur?
Har du eit ord med i laget
når sola mi bakkar og snur?
Du sa at du likte godt Elvis
den gongen me dreiv og dreiv dank,
er han så feit no som den gong,
er han blitt kjekk att og slank?
Så brukte du alltid å seia
kor galen du var etter is,
får du den isen du likar
til rimelig kremmarhus-pris?
Er det alt seint blitt på året,
er det helst hustrig og grått?
Du hadde støtt sola i håret,
luktar det minst like godt?
Nei, ikkje spør nokon andre,
det er kje så viktig som så,
men når han først kom, denne tanken,
var solhåret alt eg kom på.
Er der så trongt som på Sandnes,
har du all verda med plass?
Fann du den lukka som lever
bak himlanes luftige dass?
Er det beintfram litt for travelt,
tar du deg stundom litt fri?
Skimtar du toppen av Tjensvoll,
ser du til Usken og Lie?
Spelar du òg framleis plater?
Høyrer du, denne er god.
Og har du tid til å lytta;
giss kva eg spelar deg no.
Har øvste himmelen draumar?
Eg drøymer så himmelsk om deg.
Kanskje du av og til slumpar
å drøyma flatt, jordisk om meg?
Nina, koss er det for tida
bak himlane der du no bur?
Har du ein finger i spelet
når sola mi bakkar og snur?
Henta frå "Ellinga, meldinga, Sandnes-guten", Wigestrand Forlag 2019 |