Leika Robin Hood i trea Midt i Stokkavatnet ligg denne djupe, breie holmen. Når det er is på vatnet, kan du skøyta heilt, beint ut til han. Eller, viss det blæs, bare la deg skuva av vinden. Bare stå over vatnet. Så blir du ikkje så gyselig øm i beina. Må bare passa på å setja deg på rumpa ein tanke innan du er framme. Me bestemte oss for å finna fram skøytene, for å gå nedetter mot Stokkavatnet. Der isen var trygg nok til å skøyta på. Så bestemte me oss for å gå heilt ut til holmen. For å la oss blåsa, skli over. Heile djupe Stokkavatnet under kroppane våre. Det var eg, Robbie, Reidar, Bjørn Sigmund, Njål – og ein til? Me hadde tjukt av bruspulver på lommene.
Frå Øya bortanfor den til King Kong. Tekstar. 1995 |