F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida


februar 2006:

FRÅ HULL TIL HOPEN


Der var kjærastar i kvar ei grend,
ved kjelde, sjø og straum.
Bare ei av desse lyser opp
milde bygder i min dimme draum.

Så no lyfter eg min sekk og fer,
No legg eg atter trøystig kjekt i veg.
Eg har tråla kvar dump frå Hull til Hopen.
Ja, og alltid høyrd’eg nytt om deg.

Der var kjærastar på myr og mo,
i li og skar og gjel.
Bare ei av desse opnar opp
grøne dalar i mi flate sjel.

Trålar nabolag på nabolag
etter ho eg støtt har mist.
Gjennom klesvaskar og reddikbedd,
ser eg ganske sikkert land til sist.

Så no lyfter eg min sekk og fer.
No legg eg atter trøystig kjekt i veg.
Eg har tråla kvar dump frå Hull til Hopen.
Ja, og alltid høyrd’eg nytt om deg.

Skriven til Nordic Tenors si førestilling ”Nordic Tenors og Sjur Gjeltnes”, som framleis går
for fulle hus på Logen Teater, Bergen.