|
ARNT BIRKEDAL (fødd 1959) er utdanna lærar, jobba i grunnskolen frå 1982 – 1997. har (pr 2014) skrive 32 bøker - dikt og prosa - for alle aldrar. er representert i mange antologiar, og i ei lang rekke lesebøker for skolen. har sete i Det Litterære Råd i Norske Barne- og Ungdomsforfattere - NBU - i 6 år (2001 – 2006). Og har altså lese alle dei norske b-/u-bøkene som kom ut desse fem åra. har mottatt fleire prisar – mellom anna Teskjekjerringprisen, Rasmus Løland-stipendet og Samlagsprisen. er omsett til tysk. har vore på skuleturnear frå Troms til Agder, frå Rogaland til Østfold, på alle trinn; frå førskule til høgskule. har halde skrivekurs frå Troms til Agder. har «modernisert» språket i tre Rasmus Løland-bøker på oppdrag frå Samlaget. har gjendikta John Lennon, og annan engelsk pop /rock, har skrive songtekstar på oppdrag frå Vamp, Aftenlandet, Tenorane, Annbjørg Lien, Jan Ingvar Toft, Johan Egdetveit, Ryfylke Visegruppe med fleire. er medlem av NBU, DNF, NOPA og TONO. har «Stipend for etablerte kunstnarar». er ikkje å finna på Facebook. kan brukast til det meste.
|