F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida


Mars 2018:

HENNING

Så kjem Henning imot meg i snøen,
han er blid, Henning er aldri sur,
smelta isvatn klukkar mot sjøen     
når eg traskar min dagvisse tur.

Det er blikstilt, eg får heile sola
beint i fleisen, ein jentunge ler,
når eg helsar på Tom, Dick og Ola,
er det Henning med smilet eg ser.
                                                                                                                                   
Livet fekk nokre riper i lakken
då eg mista ein trygg og god venn,
når eg no lyfter blikket frå bakken
så kjem Henning imot meg igjen.


Ferdaminne, Hafrsfjord, 20.01.2018
Minnast Henning Sørensen, 1961 – 2018