Det er bare bare,
kan skje nokon kvar, det
blir sløkt og stengt,
me veit om kyststriper
av minne og av lengt.
Det er bare bare,
veit, ingenting varar,
det er ei simpel sak
å bare gå ut døra
og leggja bak.
Han skriv ingen lapp,
det går trinn i ei trapp,
så klikk i ein port,
natta er døv,
sjølv englane søv,
i ei vending er det gjort;
å grabba med seg hjartet sitt og dra,
å grabba med seg hjartet sitt og dra.
Minnest eit vindfang,
hugsar ein dørglytt,
ei seng, ein munn,
ja, og ein kjellarpub av lått
i Haugesund.
No går han, han går,
han nølar litt, står,
men samlar seg snart,
tenker: dette er mitt,
og: no er me kvitt,
mens han er i sving og fart,
og grabbar med seg hjartet sitt og drar,
og grabbar med seg hjartet sitt og drar.
Kråker i trea
byrjar å lea seg,
kvar mann på sin post,
dagen seier strengt: vel, så var det oss,
dagen seier strengt: så var det oss.
Det er bare bare,
legg trøstig av garde,
er det stengt og sløkt,
må him'len summa seg ein straks
før neste økt.
Tida blir knapp,
det går trinn i ei trapp,
så: klikk i ein port,
natta er døv,
sjølv englane søv,
i ei vending er det gjort;
å grabba med seg hjartet sitt og dra,
å grabba med seg hjartet sitt og dra.
Han grabbar med seg hjartet sitt og drar.
Han grabbar med seg hjartet sitt og drar.
På CD med Aftenlandet:
"Det beste fra Aftenlandet", 2005
Med melodi av Sven Erik Vaksdal.