Oktober 2013
KJENNER PÅ VALVINDEN, SMAKER
på resultata, aner dei
spreier seg. Når
Kampen,
Stavanger. Her.
Pizzaen går
konk og går fløyten. Men
jentene i Frisøren,
i Blomebutikken,
finn seg til rettes, ser ut til å
trivast, dei sit
letta, ledige,
utilnærmelige,
på trappene sine
og røyker.
(Pizzaen, Frisøren og Blomebutikken ligg i ei
elskelig overkommelig rekke ein rekk å
drøyma seg langs.)
Henta frå «Dikt i utval», Wigestrand, 2013