juni 2008
URIA HAR SETE VAKEN
Uria har sete vaken heile
natta med ryggen
mot bymuren, byen
der hans elska hustru søv.
Ventande nye ordrar. Han
lauga seg og sette seg til.
No har han ei morgonsol
og ein mulig utpost
i kvar reine tåglipe.
Frå Gliper. 2006