August 2017:
SILLEJORD, AUGUSTNATT
Det er alt seint
i hundedagane
og vasskulse ute. Ingerid
Sletten leitar fram
den no utsladra
ullhua si. Den gamle
mora hennar har for lengst
sovna. Ho stiltrar seg
lettvore nedover. Lampeskinet
frå garden Fjostuft
på andre sida:
ei blank stripe
i det svarte vatnet.
Frå «Ormen i Vaulavika», 1993