F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida


September 2019:

VIKESÅ, CIRKA1913

 

Vikeså har både skule og krambu -   
med kamferdrops, slirer i skinn,
men aldri ein stad til å henta seg, sitja,
men aldri ein stad å ta inn.

Sjå, nedetter brekka kjem Anthon frå Svela,
på postvegen stansar ein kar,
som kanskje kan skyssa han heilt til Stavanger,
slik rekk han bli mor mi sin far.

Han sit bak på kjerra, han dinglar med føter,
og krøllene flagrar i vind,
for Vikeså har både krambu og skule,
men aldri ein stad å ta inn. 

- - -  

I mi tid har tettstaden stadion, taxi,
ein Esso og Vikeså-glass,   
eit anlegg for rulleski, post i butikken,
men ein kan kje ta inn nokon plass.

 

Henta frå
«Ellinga, meldinga, Sandnesguten», 2019







 

Minnast morfar Anthon,
1886 - 1931
Foto: Herman O. Awuku