PLETTAR
1
Alle plettar
har eit hjarte:
ein eikelund,
ei fredastund,
eit altar,
eit minne:
her blei Robin Hood
fødd, her døydde
profeten Hosea,
her starta,
her slutta
ei linje
slekt, her skrapa
ein Jakobsstige
dogga.
2
Vekk ein
referanse,
nemn
eit namn,
alltid ein
pilegrim
på pletten.
upublisert , 2021 |