November 2017:
TO UNDULATAR
To undulatar,
ho Tone, han Topp,
stakk av då mor
opna vindauget opp.
To undulatar,
ho Fløyte, han Krem,
må finna ly
innan hauststormen kjem.
Dei hugsar så lite,
ho Brenda, han Bruce;
ein sofa, ei skulder,
eit rom i eit hus.
(Ferdaminne, Hafrsfjord, 6. oktober, 2017)