Januar 2013
VIE DAGEN MIN TE SOLÅ
vie dagen min te solå
heise flaget mitt for hu
så fekk åbna og låst dørå
innen klokkå va blitt sju
vie dagen min te solå
ja, og falle det i smag
ska eg stå opp, ska eg voksa
ska ver vakker, eg, i dag
ska sei ha det fysst på badet
ska ta solå med te køys
ska kjøra linjå sikkert
mydlå alvor åsså tøys;
via dagen sin te solå
kan det vera någen sag
når du vett du har det i deg
ska ver vakker, eg, i dag
vie dagen min te solå
de med auer ska få se
eg ska lysa opp i mørknå
ska få merka eg e te
ska få dagen te å vara
legge morgendagen bag
det e morning, eg har stått opp
ska ver vakker, eg, i dag
frå «Balladen om hålet i dørå», 1983.
Skriven for 30 år sidan; 2. januar, 1983, på Nordnesøy i Nordland.
Finst på plate med Ryfylke (1985), Aftenlandet (2000). Og med Ryfylke Visegruppe att, i ny versjon, i 2012.
«Vie dagen» med Ryfylke, blei sommaren 2012 kåra til TIDENES SOMMARLÅT i NRK Rogaland, i konkurranse med mellom andre «13 humler»
og ein annan «vintersong»; «Fine dag (te drikka øl)».