EG SØV OVER UNDER
Eg søv over i Borghilds reddikbedd.
Eg søv under Helenes kjeksskap.
Eg søv langsmed Turids klesvaskar.
Eg søv over i urtehagen
under Kristins baderomsglugg.
Eg duppar rundt Anne Birthes laksetrapp.
Eg dupper under Solveigs kuauge.
Eg blir einig med Lill og Kirsti,
kvar på sin kant,
om å duppa over under
begge. Då eg
vaknar –
gjennom stemmar, snø,
og bydelar –
bortom Ninas stolte
gravhaugar, kostar fram
dei fødde namna hennar
i parentes.
Frå Sinus, Wigestrand Forlag, 2011