Frå "VAMPYRANE SAMLAST PÅ MADLATUA":
Det var snart morgon då eg la i veg, for å komma meg heim att, innan
morgonroden. Då eg flaug over fjorden i sterk motvind. Ein motvind
som gjorde meg godt, kjente eg. Som feia og lufta ut. Som bles gjennom
dei tomme årene mine. Som liksom opna knytte hjernevindingar.
Eg flaug og flaksa nett over Sømsholmane, då skylaga opna seg, og
den nakne, raude sola kom fram. Eg kjente korleis ho skein på nakken
min og på dei tynne vengene, og vil du tru; det var sjelebot i dette òg.
Var ein oppe og ute så tidleg, kunne ein sjå at dei elles så beksvarte
vengene mine glitra, dei glitra som gull. Eg må ha likna eit insekt; ei
blank vassnymfe, der eg flaug like over fjorden.
Henta frå "Vegar ut til alle kantar", Wigestrand, 2020. |