september 2012
LEIF TRYGVE
Leif Trygve har mest alltid
italiensk salat (det er ikkje så
vanlig) på skolematen.
Det knasar fint i gulerøtene og
sommarkålen der inne. Han smattar
som eit ekorn med han et. Suttar
taktfast på fingrane. Først på ein,
så på ein annan. Alt dette
har han med seg heime frå. Der dei har det
frå Italia igjen. Eller frå
somrane i Jomfruland.
Frå ”For alt eg veit”, 1996