august 2007
GODVÊRSSKY, MAKRELL
Med natta kjem godvêret.
Den opne luftige makrellstørja
kjem sigande inn
over svarte skogen.
Ho legg seg til, ho breier
fine fiskebeinsmasker
over oss, dei er
opnare no,
lausare i fisken,
pierca av stjernebilete.
Frå Hytteboka, Samlaget, august 2007