DEN KATOLSKE KYRKJA LÆRTE
Den katolske kyrkja
lærte at
helgenane,
med unnatak av
gudsmora sjølv,
vaka over,
verka rundt
staden der beina deira
var forvara, mest
samla. Der,
innan ein raus
radius, heila og
vekka dei. Gjennom
hundreåra. Losa dei
skipbrotne i land.
Frå «Geografi», Wigestrand Forlag, 2016