oktober 2009
DEN GRIMME GRYLEN
(folkevise frå indre Ryfylke)
Nykkeroser, mogen haust,
livsens lauv heng himla laust.
Botnløyse, svart og still,
grums som stadig grumsar til.
Barn gå bort frå kanten.
Botnen botnar i ei ur
der den grimme grylen bur.
Grimme gryl, kom ikkje hit,
livet er eit salig slit.
Barn gå bort frå kanten.
Livet er eit salig slit,
dottera til presten sit
bak si skriving og sitt bord,
reiser seg frå far og mor.
Barn gå bort frå kanten.
Stiltrar seg i stille kveld,
himlaleitet: open eld.
Grimme gryl, kom ikkje her,
du kan gryla der du er.
Barn gå bort frå kanten.
Nykkeroser, mogen haust,
grylen grunnar, gryler taust.
Sylvblank vin i stråledans,
jenta står i måneglans.
Frå Ormen i Vaulavika. Dikt og tekstar. 1993