April 2018:
DYNEJAKKE
Kjem ei dyne ned ein bakke,
rosa, rosa, mjuk og mild.
Kjem ei rosa dynejakke,
lettbeint, mjukt og liketil.
Inni jakka: Den eg gissa
ville vera der nett no.
Kjem med fasiten og vissa
likefram i lette sko.
Eg har latt det heile skinna.
Eg har sleppt eit rykte fritt,
latt det fyka rundt og finna
deg i tankespinnet ditt.
Har snart hange heile dagen
her ved gjerdet kor eg er
med eit dragsug midt i magen.
Augneblink så er du her.
Stega er minst like forte.
Blikket styrer unna meg.
Augene ser lenger borte.
Du og jakka er på veg,
Går ei dyne ned ein bakke.
Blir ein rosa, liten flekk.
Var ei rosa dynejakke.
Lenger framme er den vekk.
frå «Draumar og dynejakker», Samlaget, 1989