JOHAN MIHLE LAUGALAND
Johan Mihle Laugaland,
ingen var så staut som han,
passa vakta, heldt støtt stand,
sjøkadett på skipet Gann,
spelte kinasjakk og vann
Donald-renn på Ådneram,
volleyball på Solastrand,
sprettmatrosen Laugaland
lukta sjøsprøyt, lukta mann
hjartekammers stod i brann,
ingen var så kaut som han,
bysseguten Laugaland,
morgonfugl og ankermann,
først i masta, først i land,
alt han makta, rakk og vann,
rabagasten Laugaland,
villastrok på Hommersand,
seterhus i dalen Kvann,
dører stod på gap for han,
lystkadetten Laugaland,
opp ei trapp og inn ein tram,
Judaberg til Heng i Strand,
Jøssingfjord, jøss, jøsse namn;
hurraguten Laugaland
var vekke bak ein bakkekam,
der han lystig la frå land,
nammenammenammenam,
sa nybrotsmannen Laugaland,
lauga tunge, visdomstann,
stuttfinger og langemann,
lauga alt som laugast kan,
Johan Mihle Laugaland.
|