September 2013
– Eg då? seier Vaskehjelpa til den siste nattevakta, når den næraste pårørande er reist. Ho
vågar seg til å spørja: - Er eg daud?
- Ja, seier nattevakta. – No er du det. Kom no bare, seier han. Det er stutt og lett veg ned
til båten. Ferjemannen og hunden hans ventar. Det kostar ikkje fem flate øre. Nei, du treng
ikkje kle på deg meir. Me må fly, veit du. Me må fly, me må fly, me må fly. Til hist og pist
ved flodene. Me tar straks beine vegen dit.
Beine vegen. «Ei beine att», tenker Vaskehjelpa med den første klare tanken på sju – åtte år.
«Beine» er eventyrspråk, mest, det betyr ei teneste. Det er dette Vaskehjelpa brått kjem på,
at ho har lova nokon å gjera dei ei teneste.
– Eg må bare pakka bylten min først, seier ho. Og rører seg mot skåpet, det alltid så høge
og framande.
– Det rekk med ei sjel og ei skjorte no, seier nattevakta, ferjemannen. Og dette har jo
Vaskehjelpa på seg alt. Og begge er reine nok.
Frå «Ei beine att», Wigestrand Forlag, 2013.